BØRESTEIN

 

 

 

Børestein var ein bergknaus høgt oppe i fjellet, rett over kyrkja. Han hadde ei nifs segn knytta til seg. Dei gamle hadde sagt at ein dag ville denne steinen komme ned frå fjellet. Det skulle skje ein søndag midt i preiketida, ein konfirmasjonssøndag med fullsett kyrkje. På grunn av frykt for at dette ville hende, vart det i fleire år ikkje halde konfirmasjon i kyrkja. I 1963 fekk ordføraren i Luster, Anders Bjørk, eit firma til å ta på seg oppgåva med å sprengja vkk steinen. Steinen vart sprengt 5. november 1963 og skytebas var Endre Skaar. Sprenginga var svær vellukka, det kom ikkje ein stein ned til kyrkja, alt vart pulverisert. Det har vel aldri vore så mange folk i Fortun på ein gong som den  dagen i klårt haustver. Folk frå heile Luster kom for å sjå, og elevane i skulane hadde fri for å vera med på dette hende.

Frå heftet "Fortun Kyrkje"   

Foto: Kjartan Kvien.

 

 

 

              

 

     

 

 

 

 

     

 

HEIM

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FORTUNSDALEN.NO