Kåra til beste nærbutikken

Coop Nærkjøp Fortun har fått pris som Vestlandets beste nærbutikk.

Prisen vart utdelt på ein konferanse for distriktsbutikkar i Førde onsdag kveld. Det er det statlege Merkur-programmet for utvikling av nærbutikkar i Distrikts-Noreg som deler ut slike landsdelsprisar.

Kjøpmann Anne Sandvik Steig utmerkjer seg med eit servicenivå utover det som er vanleg i bransjen og har fått til eit godt samspel mellom butikken og sognebygda, heiter det i ei pressemelding frå Merkur-programmet.

sognavis.no

Adm. dir.Geir Espe i Coop Vest og kjededisponent Ingjerd Vestengen i Coop Marked gledde seg over utmerkinga til kjøpmann Anne Sandvik Steig og butikken i Fortun. T.h. dagleg leiar Helge Schei i Merkur og Merkur-konsulent Ronny Mowatt. (Pressefoto)

Helge Schei og Anne

merkur-programmet.no

 

Litt bilder frå feiringen med kaffi og kake laurdagen.

 

 

 

«Handla heima»

Har du tenkt over kor viktig butikken er for bygda di? Kva blir konsekvensane dersom butikken må stenge dørene?

Mange små butikkar på bygdene er usikre på framtida. Når folketalet stagnerer eller mange reiser til ein større butikk for å handle, kan det vere eit tidsspørsmål før bygda blir heilt utan butikk.

Skule og butikk er dei to viktigaste faktorane for eit vel fungerande bygdesamfunn. Butikken er ikkje berre ein stad for å kjøpe daglegvarer. Den er også ein viktig samlingsplass, der du kan møte naboar og få utført mange tenester.

Kva skjer dersom butikken blir borte?
        - Du kan ikkje lenger handle matvarer i lokalt, men må reise ein lang veg til butikken
        - Bygda misser eit uformelt treffpunkt
        - Dei negative konsekvensane blir størst for eldre og andre som ikkje har eigen bil
        - Vanskelegare å få folk til å flytte til bygda
        - Lågare prisar på hus og hytter

Kva kan du gjere?
Dess meir du brukar nærbutikken, dess betre blir den. Brukar du butikken berre til det aller mest nødvendige, er det umulig for kjøpmannen å halde oppe eit breitt vareutval. Nærbutikken har også gode tilbod – ofte like gode som i dei store butikkane.  Sei frå til personalet dersom du ikkje er fornøgd med utval eller kvalitet. Det verste som kan skje, er at du er misfornøgd, men ikkje gir butikken ein sjanse til å rette på forholdet.

Butikken er eit service-tiltak for bygda og me vil på denne måten minne dykk på at de må hugse å handle heime, dersom de framleis vil ha butikk i bygda.

 FAKTA OM ØKONOMI
 - Kva kostar det å handle i ein butikk som ligg 2 mil frå der du bur?
 - Faktisk kostar dette deg vel 10.000 kroner i ekstra bilkjøring kvart år.
 - Vil det ikkje likevel lønne seg å handle i sentrum all den tid varene er billigare der?
 - Nei. Kvar husstand handlar for ca. 70.000 kroner kvart år. Så store prisforskjellar er det ikkje mellom sentrum og nærbutikken at du kan spare inn dei 10.000 kronene.


 

Dette er eit brev som er sendt ut til mange husstander i Norge i samband med "Handle heime" - dagen, og som me i Fortun Utvikling sender ut i tilpassa form.

Helsing Øyvind og gjengen i Fortun Utvikling

 

 

 

 

 

 

 

HEIM

 

 

 

 

 

 

Åpningstider

Coop Marked Fortun

 

BUI

 

Mandag-torsdag

10.00-16.30

Fredag

10.00-17.00

Laurdag

10.00-13.00

 

Følg oss på Facebook

 

 

Nærbutikk får tilskot

Sogn Avis

 

 

 

 

 

 

BILDEALBUM

 

 

 

 

 

 

 

 

FORTUNSDALEN.NO