Bjørkehaugen er eit lite småbruk som er økologisk drive. Her har vi spelsau, geiter, shetlandsponniar, to hundar og ein katt, gjess, kalkuner, høns og griser.
Vi dyrkar litt jordbær, bringebær og solbær.
Bjørkehaugen er ein Inn På Tunet gard og 4H gard.
I sommarhalvåret tek vi imot gjester på omvising kvar dag
mellom kl. 12.00 og kl. 15.00.
Ring Bente Sollesnes for å avtale tid.
Pris pr. time kr. 200,-
Vi har eit overnattingshus som kan leigast i juli månad
eller for weekendar frå mai til september.