Fortun Bedehus

BEDEHUSET

Det første bedehuset i Fortun (framme, t.h.) stod ferdig i 1908. På 1960-talet bygde dei på eit inngangsparti med toalett. Huset vart rive nokre år seinare for å gje plass til ein transformator.

Bedehuset vart bygd i 1970. Huset har ei grunnflate på 12 x 8 m. Det er bygt i to høgder, den eine som kjellarhøgd. Kjellarhøgda er innreidd med kjøken, kjellarstove, garderobe og toalett, andre høgda med storsal og småsal, skilde med faldedører. Ute er det bygd tilkomstveg for rullestolbrukarar.