fortunsdalen.no

 

 

 

 

Prosjekt

"Kafè Berge"

 

 

Haldis bur vel kanskje meir ved ankelen av Jotunheimen, og har lenge gått og tenkt at ho hadde lyst til å bruke husa på garden til noko. Ein sommar var ho tilfeldigvis innom ein liten og veldig koseleg kafè austafor og etter det har ho starta opp arbeidet med å laga ein liknande kafe på Berge. Enno er det tidleg i arbeidet, men ho har lova at me skal få fylgja med på dette prosjektet hennar.

Planen er å starta kafèen i to av dei små husa på garden, stabburet og eldhuset. Ho har rydda ut av husa og starta oppussingsarbeidet såvidt. I tillegg må ho få på plass dei naudsynte tillatelsane. Noko av møblemanget har ho og funne fram. Åpningsdato er nok ikkje bestemt enno, vanskeleg å sei kor langtid det vil ta, men då eg var oppe for å sjå sat ho ute og hekla border til hyllene i kafèen...

 

   

 

   

 

 

Forresten så veit eg ikkje kva ho vil kalle kafèen, "Kafè Berge" er berre det eg kallar prosjektet inntil vidare...

Vinteren 14/15

No har eg vore ein tur hos Haldis på Berge att og der hadde det skjedd mykje i Eldhuset. Stabburet er lagt på is inntil vidare (akkurat no bokstaveleg talt ;-) Inste delen av Eldhuset er klart til kafègjestene, med gamle koselege møblar, fillerye på golvet og låg døråpning!

Og så har ho tenkt å ha ein liten bruktbutikk! Eg trur ikkje du får kjøpt med deg stolen du sat på i kafeen, men det meste av dei små pyntetinga er til salgs....

 

I det første rommet i Eldhuset lagar ho kjøkken med salgsdisk.     Mykje må på plass for å følge regelverket, men snart er det meste i orden. Oddgeir var i full sving med å passe til material, snart kjem diskeplatene og så blir det mulig for oss å komma til Kafè Berge for å sjå og handla....

Og eg veit at Haldis er goe te å baka....

 

 

HEIM

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

GRENDAHUSET

BEDEHUSET

KYRKJA

 

 

 

 

 

BILDEALBUM

 

 

 

 

 

FORTUN