KRAFTVERKET I FORTUN

 

 

 

 

Etter 2. verdskrig vart vasskraft sett på som nøkkelen til auka inntekterfrå kraftkrevjande industri. Områda rundt Sognefjellsvegen og Fortun var velegna til dette. Anleggsarbeidet starta i 1956, eit år før konsesjonen vart vedteken av Stortinget. ÅSV hadde søkt om konsesjon i 1953 for å sikre kraft til planlagde utvidingar av Årdal Verk. Dette var ein statseigd aluminiumsprodusent. Reguleringa av Fortun/Grandfasta-vassdraga i Luster på 1950-talet var den største kraftutbygginga i Noreg til då. Grandfasta er frå anleggstida eit sidevassdrag til Fortunselvi.

 

Fortun-anlegget gjekk i to byggesteg: Det første med ein produksjon på 443 GWh i året. Den andre konsesjonen vart gjeven i 1960 for utbygging av dei øvre falla i Grandfasta. Utbygginga av andrebyggesteg var fullført i 1962.

Hovudentreprenøren leigde Drægni-huset i Skjolden som hovudkontor. I Fortun vart det store forandringar for ei tid, bygda vart nærmast endevend av brakker og lagerplassar. I fjellet vart det bygt store brakkeleirar for over fleire hundre mann, og lastebileigarane i Indre Sogn fekk hovudoppdraget med massetransport. På det meste arbeidde det over 700 mann på anlegget. I dag er alle anleggsbustadane som ÅSV bygde opp i Hestehagen, selde til private i Fortun.

.

I 1976 kom tredje byggesteg i Fortun, då vart det gjeve konsesjon for overføring av ein del av Fardalsvassdraget i Årdal til Fortun. Det er i alt bygt 90 kilometer vasstunnelar og røyrgater i Fortun. Både røyrgater og kraftstasjonar vart i 2001 pussa opp for 250 millionar kroner. Fortun-anlegga produserer 1,4 TWh i året.

Fram til 1996 eigde Staten Fortun-anlegga. Då kjøpte Hydro alt for 540 millionar kroner. Ved

aluminiumsverka i Årdal kan denne krafta frå Fortun produsere 100.000 tonn aluminium i året.

 

                      

 

 

                                   

 

 

 

      

 

 

 

HEIM

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FORTUNSDALEN.NO