LITT OM HISTORIEN TIL FORTUN STAVKYRKJE

 

Fortun Stavkyrkje vart bygd omlag 1150. I 1883 vart middelalderdelen av kyrkja seld til Konsul Gade og flytta til Fantoft i Bergen. Resten av kyrkja skal ha vorte spreidd rundt til dei som ynskte eit minne frå kyrkja og kanskje litt vart nytta som ved. Det har lenge vore snakka om at ein ynskte å setja opp att ein kopi av kyrkja i Fortun.

 

 

I 1992 brann Fantoft Stavkyrkje ned. Etter dette vart det gjort eit omfattande arbeid for å få starte ein prosess med mål om å setja opp att ein kopi i Fortun. Prosjektleiar var Stein Jonny Skagen.

 

 

PROSJEKTET

FORTUN STAVKYRKJE

 

Den midlertidige nemnda som vart oppretta i 2011 har valgt å kalla prosjektet Kulturminneprosjektet Fortun Stavkyrkje.

Ein ynskjer å byggja kyrkja i full storleik, med svalgangar, for betre å få eit inntrykk av korleis kyrkja var.

Nemnda har hatt formell kontakt med Luster Kommune og Riksantikvaren. Det har og vore kontakt med ulike fagmiljø innan restaurering av stavkyrkjer og liknande byggkonstruksjonar, som Skogmuseet på Elverum, fagmiljø på Dovre og Ole Fredskild. Nemnda sine undersøkingar om kostnad på eit fullskalaprosjekt er  omlag 10 millionar kroner, og ynskje er at kyrkja skal verta plassert mellom den gamle og den nye kyrkjegarden.

 

 

 

                      

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

HEIM

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FORTUNSDALEN.NO